Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Upåklagelig utsikt undervegs, skogsmaskinane har rydda!

Upåklagelig utsikt undervegs, skogsmaskinane har rydda!

Framme  til utsikten mot Rosendal.

Framme til utsikten mot Rosendal.

Liten pause før retur til lavvoen.

Liten pause før retur til lavvoen.

Lett å komma over steigardane. Ser du den fine hekla pynten på gjerdet?

Lett å komma over steigardane. Ser du den fine hekla pynten på gjerdet?

Lang lang rekke!

Lang lang rekke!

Tilbake til lavvoen, kaffi og snadder kjem fram!

Tilbake til lavvoen, kaffi og snadder kjem fram!

Tur i Åsen


13 damer møtte opp då vi inviterte til tur i Åsen i kveld.

Vi var vel heldige med været i kveld, nokre få dråpar før start, og meir då vi kom tilbake til bilane. Då hadde vi gått turen til utsiktspunkt mot Sandvikjo, aldri før har vi hatt så god utsikt den vegen! Skogsmaskinane har jobba i ei veke, jammen går det unna! Utsikta mot Rosendal var også fin i kveld. Alle hadde godsaker i sekken, så vi drøya ikkje så lenge for vi gjekk tilbake til lavvoen, så vi kunne ta fram kaffi og saft, det var både frukt, grønt, søtt og syndig i nisteboksane! Det smakte! God drøs rundt borda, før vi snudde nasen heimover. Takk for turen, og god sommar!