Hopp til hovedinnhold

Omvikdalen Bygdekvinnelag

Tur til Sjethaug

Takk for fin tur!

Det var tre damer som tok turen til Sjethaug i Rosendal tysdag 18. februar.
I fantastisk vêr og godt føre gjekk vi opp til den flotte hytta som Rosendalsstiftinga har fått sett opp til gleda for turfolket. Då vi kom ut etter ein liten kvil og ein god drøs hadde vi stjernene lysande over oss og ljosa frå husa i bygdene under oss i kontrast mot dei mektige snøkledde fjella.
Turnemda takkar for oppmøte og ein fin tur.

Vi gler oss til nye turar i 2025. Ynskjer alle ein framleis god vinter ✨