Klesbytedag
Her kjem ein fin sjanse til å byta vekk kle som ikkje passar lenger og få med deg heim noko "nytt"
Me tek imot kle fredag 10.mars kl 18.00 - 19.00 og laurdag 11. mars frå kl 9.30.
Byting skjer på denne måten:
-Lever inn inntil 10 plagg som er heile og reine og så fine at du kan gje dei vekk til din beste ven. Me tek ikkje imot sko, undertøy og sokkar.
-Me tek imot kle i alle storleikar frå baby til vaksne, men vil gjerne ha det sortert etter storleik slik at det vert enklare for oss å hengja opp.
-Du kan ta med deg heim like mange plagg som du leverte inn.
Kle som vert til overs etter byting vert gjeve til Fretex på Voss.
Det vert ein krok der me kan hjelpa til med litt enkle klesreparasjonar som å sy i ein knapp, lapping av bukser, sy ein saum som har gått opp
Me vil ha enkel kafe der inntekta går til bygdekvinnelaget sitt utviklingsprosjekt i Guatemala.
Vel møtt!