Adventsmøte/70 årsmarkering
6. desember var det klart for adventsmøte i Oppheim og Hauge bygdekvinnelag
Som vanleg på adventsmøta var Myrkdalen og Egdetveit og Vinje bygdekvinnelag inviterte. Sidan me i år feira at det 70 år sidan laget vart stifta, hadde me invitert distriktsleiar og representantar for Bjørgum og Voss bygdekvinnelag.
40 damer hadde funne vegen til Gudvangen Fjordtel som var vakkert pynta med mykje lys og god varme på peisen
Ellen Marie Selland Geithung, Åshild Giljarhus og Margunn Blikberg Nordgård song og spela for oss
Maten smaka veldig godt: Villsoppsuppe, lammesteik med rotgrønsaker og fløytegratinerte poteter og pannacotta med bærsaus til dessert.
Anna Torhild Førsund Blikberg gav oss eit innblikk i oppstart av laget og litt av dei viktige sakene opp igjennom åra.
Dei andre laga kom med helsingar og gåver i høve 70 års feiringa.
Så var det utlodding med mange gevinstar. Me takkar festlyden som handla ivrig
Som avslutning song me Fager er jordi
Takk til alle for ei triveleg stund saman