Bakekurs
Siste laurdagen i april var det tid for bakekurs i ungdomshuset i Haugsvik. 8 stk hadde meldt seg på ![]()
Dagen starta med at Tanya viste oss korleis me laga knåa til potetlefsene. Deltakarane vart sett i sving med å pressa potetene i potetpressa. Så vart det blanda inn smelta smør, mjølk, sukker, salt og til slutt passe mykje mjøl til ei god knåa.
Målfrid laga flatbrødknåa av grov kveite, salt, skumma surmjølk og vatn.
Me delte oss i to lag og starta å kjevla ut leivane. Det gjekk stort sett bra, sjølv om ein og annan leiven sette seg fast i bordet ![]()
Me måtte sjølvsagt ha ein pust i bakken og ein matbit. Anna Torhild kom innom og koke betasuppe til oss, det smakte bra 
 og me prøvesmakte både flatbrød og potetlefsene. Begge deler var godkjent ![]()
Alle fekk med seg kvar sin porsjon flatbrød og potetlefser heim.
Alle var einig om at dette var veldig kjekt og at me burde baka saman oftare ![]()