Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Passeleg tjukk smyrja

Prøvesmaking

Kaffipause

Knåa på gang

Knåing må til

Ferdig knåa

Kjevling

Perfekt rund leiv

Steiking

Leiven må steikast akkkurat passe lenge og leggast i press etterpå

Leivane er steikt på eine sida

Betasuppen er klar

Vafler med rømme og syltetøy

Kaffipause i solveggen

Neking

Smyrjing

Ferdig kling

Bakekurs Vossakling

Bakekurs - Vossakling

8 stk var med på bakekurs for å læra å baka vossakling.

Me starta fredagskvelden med å koka smyrja, me kokte, rørde og smaka oss fram til to porsjonar me var fornøygde med.

Laurdagen var det å laga knåa som skulle vera akkurat passe, ikkje for fast og ikkje for laus.

Me laga emne, kjevla ut leivar og steikte på eine sida og la i press.

No var det på tide med ein liten matpause, betasuppen og vaflene fall i smak. Sidan veret var så fint, sette me oss ut i solveggen.

Så var det klart for neking og ny steiking av leivane, denne gongen på begge sider.

Neste steg var å bløyta leivane så dei vart klar for smyrjing, fyrst smør og så smyrja. Siste punkt var å klyppa dei opp i passelege bitar.

Etter alle desse prosessane var det endeleg klart for prøvesmaking av den ferdige klingen - og den fall i smak hjå alle 😊

Takk til lærarane: Margunn, Målfrid og Tanya 😊