Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

8 av dei meir eller mindre ferdige bringklutane og ingen av dei er heilt like 😊

I full sving med å laga "innmaten" til bringklutane

Her trer me perleband

Den spede start

Kjekt når me kom i gang med å få sy på perler på bringkluten

Ta med kopp ☕ Det var tid til kveldsmat og kaffi/te alle kveldane

Det går framover 😊

Snart ferdig med framsida

Montering på gang

Bringklutkurs

19 min  · 

I midten av januar starta 10 optimistiske og lærevillige damer på kurs for å læra å laga tradisjonell bringklut til vossabunaden 😊

Marta Jorunn var tolmodig lærar og viste oss korleis alt skulle gjerast.

Me fekk læra oss å ta oppatt. Enkelte deler av bringklutane vart nok sydd både to og tre gonger 😅 Når me var litt usikker på på om det var heilt bra nok, enda det stort sett med å ta oppatt. Og alt vart finare og beinare til fleire gonger me prøvde 😄

Siste kvelden vart dei fleste så og seia ferdige, men me kom til at det går an å møtast att for å ha ein sykveld slik at alle skal verta heilt ferdig 😊