Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Heggland ligg fint til over Oppheimsvatnet

Det største grønnsaksfeltet

Forsamlingslokale i den gamle fjøsen

Forsamlingslokale i den gamle fjøsen

Gulrotkake

Baren

Gardsbesøk på Heggland gard

Septembermøtet vårt var lagt til Heggland gard der Trygve Opedal Heggland fortalde om drifta på garden. Han driv med økologisk grønnsaksproduksjon, noko det er gode tilhøve til i dei bratte bakkane som ligg fint til på solsida. Her dyrkar han mange forskjellige sortar grønnsaker og poteter. 

Etter å ha sett litt på grønnsaksfelta gjekk me inn i fjøsen der han hadde bygt om til forsamlingslokale. Her serverte han kaffi/te og nydelege kaker og viste bilete frå gardsdrifta gjennom året.

Me takkar for ein interessant kveld.