Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag på fin kveldstur. Foto: Bjørg Håland

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag på fin kveldstur. Foto: Bjørg Håland

Tusenårstreet. Foto: Bjørg Håland

Gåtur til gamle Prestegarden på Oppheim.


Ut på tur med spreke bygdekvinner!

Tur i nærmiljøet 25.05.21

Tekst: Astrid Norendal

 

Elleve damer tok utfordringa, knytte skorne godt, «treng eg jakke»?, fann ut at jakka vart med, og la i veg mot Gamle prestagarden på Oppheim. Nokon gjekk Kongevegen frå Framneslii, ein annan gjeng tok runden frå Oppheimstunet om Raunlida og kom blide og raudleitte gjennom grinda i Gamle prestagarden på slaget 18.00.

Her vart det meir prat, nokon fann fram nista, alle kjende på at det var godt å treffast.

I år 2000 planta Oppheim og Hauge bkl. ein ask innanfor gjerdet mot aust. Tusenårstreet vart nøye undersøkt, det lever og lagar seg til med nye lauv, men treng å få saga av nokre tørre greiner og kvistar.

Takk for turen!