Huer til 1. klassingane Sundve skule
Fredag 25. september var ein frå kvart av dei tre laga på Vossestrand på besøk til 1. klasse på Sundve skule.
Dei hadde med seg huer som medlemmene i laga har strikka.
Der hadde dei ei hyggeleg stund saman med elevane og alle fekk velja seg kvar si hue.
Stor takk til alle flittige strikkersker!