Jentekveld med FLOR
38 damer møtte opp i ungdomshuset i Haugsvik denne onsdagskvelden.
Bygdekvinnelaget stilte med kaffi og te og lappar med rømme og syltetøy.
Praten gjekk livleg rundt borda frå første stund.
Kristin og Mari frå FLOR hadde rigga opp utstilling av kleda sine.
4 damer frå bygdekvinnelaget stilte som mannekengar og viste fram ein del nye og andre godt innarbeida modellar.
Etter det var det tid for damene å sjå på og prøva kleda, og mange fann noko dei ville ha.
Alle fekk lodd ved inngangen som me trekte ut gevinstar på.
Tusen takk til alle som møtte opp og gjorde dette til ein veldig kjekk kveld ![]()