Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Mykje å velja i
Alt er gjort klart for byting
Reparasjonsavdelinga
Reparasjon av arbeidsbukse
Komiteen tek seg ein velfortjent kaffipause

Klesbytedag

Laurdag 11. mars arrangerte Oppheim og Hauge bygdekvinnelag klesbytedag på Oppheim skule.

Me fekk inn mykje fine kle og ein god del bytte eigar.

I reparasjonsavdelinga var det ein tenåringsgut som fekk fiksa yndlingsarbeidsbuksa si🤩

Det hadde heilt klart vore rom for fleire deltakarar på arrangementet, men dei fleste som var innom fann noko dei kunne ta med seg heim.

Det vart to sekker med kle til overs og desse vart levert til Fretex på Voss.

Inntekta frå kafeen går til bygdekvinnelaget sitt utviklingsprosjekt i Guatemala.

Stor takk til alle damene som stilte opp med både utstilling av og kle og baking til kafeen 😊