Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Fuglehaugen, musèet på Stalheim. Foto: Bjørg Håland

Bringklutar, Stalheim musèum. Foto: Bjørg Håland

Lagsliv i koronatid.


Alt av møteverksemd låg nede frå mars. I september opna samfunnet seg litt, styret heiv seg rundt og inviterte medlemene til tur/møte på Stalheim 09.09.2020.

!7 godt kledde medlemsdamer var frammøtte på Stalheim hotel kl. 17.00, klare for ein tur gjennom hotellet sitt museum. Kunnskapsrike Trygve Dugstad byrja turen inne, fortalde om innbu og utstyr som var samla av Kaare Tønneberg. Fire store målerifråulike tidsaldrar viste korleis synet på natur har endra seg opp gjennom tidene.Samlingane av gamle bygningar ovanfor hotellet kunne me nok brukt ein heil dag på. Dei fleste husa er flytta hitfrå nærområda. Inne i den gamle skulestova frå Fletre vart det mimring og forteljing av skulesoger, og me song eit vers av «Å,vesle lerka».Trygve tok oss så med inn i dei rikhaldige samlingane i magasinet. Me såg og høyrde soger om bryggjing, kengjer, arbeidsklede, bunadar, friing og giftarmål for å nemna noko.Etter eit par timar var me på plass i matsalen til kjøkkensjefen sine velsmakande karbonadesmørbrød. Saker som vart tekne opp

Tekst: Astrid Norendal