Medlemsmøte
Onsdag 15.mars hadde Oppheim og Hauge bygdekvinnelag møte i kyrkjestova.
Det var strålande sol på dagen og ein fin kveldshimmel, så no trur me på våren og starta defor møtet med å syngja Vesle lerka.
Me gjekk gjennom saklista til distriktsårsmøte og konkluderte med at vårt lag ikkje har nokon aktuelle kandidatar til styret.
Me oppsummerte klesbytedagen og vart einig om å prøva på nytt til hausten med litt endringar i opplegget.
Me vil på tur i mai/juni og kanskje ha ein stølstur i juli/august.
Bjørg S. og Kari sytte for god mat, med påsmurte rundstykke og lappar med heimelaga eplesyltetøy og jordbærsyltetøy.
Kvelden vart avslutta med å syngja Lev vel så vil eg seia.
Takk til alle for ein trivelg kveld