Medlemsmøte
Onsdag 19.april hadde Oppheim og Hauge bygdekvinnelag medlemsmøte i kyrkjestova på Oppheim.
Denne gongen hadde me besøk av Bjørg Rykke og temaet var enkel hage til glede og nytte
Ho gav oss mange gode råd og tips. Det viktigaste er nok å ikkje laga til meir enn ein når over å stella gjennom heile sesongen
Møtelyden fylgde ivrig med på det ho fortalde og stilte mange spørsmål som dei fekk gode svar på, så no er det gode sjansar for å lukkast i hagen denne sommaren
Noko av det enklaste ein kan ha i hagen er bærbusker. Rips, solbær og stikkelsbær er lette å få til å trivast over alt.
Marta Jorunn og Marit serverte påsmurde rundstykke og vafler til kaffien.
Bjørg Rykke hadde med seg fleire blomar som vart lodda ut på slutten av møtet stor takk til ho
Trur alle var samde om at dette var eit kjekt og nyttig møte