Medlemsmøte
Onsdag 20.september hadde Oppheim og Hauge bygdekvinnelag møte i kyrkjestova med økonomisk rådgjeving som tema
Gunn Hommedal Kvitne og Brit Elisabet Dahle frå Vossestrand rekneskapskontor tok for seg pensjon, framtidsfullmakt og hobbyinntekt.
Møtelyden hadde mange spørsmål til alle tema.
Nyttig info om framtidsfullmakt kan ein finna på www.vergemal.no
Berit og Wenche hadde stelt i stand rikeleg og god kveldsmat og som det høver seg for årstida song me tytebæret oppå tuva før maten.
Etter mat gjekk leiar gjennom aktuelle saker.