Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Klart for mat og kaffi

Fristande påsmurde rundstykker

Medlemsmøte

Onsdag 15.november var det igjen tid for møte i Oppheim og Hauge bygdekvinnelag.

10 medlemmer møtte denne kvelden.

Me starta med maten denne gongen. Ruth og Ragnhild hadde laga til gode påsmurte rundstykker og frukt.

Margunn H. og Maries fortalde frå inspirasjonsseminaret i Stavanger. Særleg Roger Sevrin Bruland sitt føredrag om Europa i pandemi og krig gjorde sterkt inntrykk der.

Me tok òg for oss NBK sin strikkekonkuranse #strikkung40. Det er godt mogeleg at me prøver oss på litt småting som hue, vottar, hals, labbar

Det vart informert om adventsmøte/70 års jubileum som vert 6. desember på Gudvangen hotel. Invitasjon kjem snart.