Medlemsmøte med tema kompostering
Kompostering og dyrking av grønnsaker var tema på møte 19. mars.
Pernille Opsahl delte av sin kunnskap på området.
Ho lagar karmar av 20cm breie bord og dekkar bakken oppi dei med eit lag papp før ho fyller karmane med kompost. Så er det berre å planta eller så det ein vil ha oppi karmane. Fordelen med å bruka rein kompost er at den er så og seie ugrasfri.
Ho lagar to typar kompost; til matavfallet brukar ho stort sett bokashi-bøtter.
Hageavfallet vert kompostert i kompostbingar laga av pallar. Her er blandingsforholdet ca 75% grøne ting som gras og bladverk frå grønnsaker (nitrogen) og ca 25% brunt, som er kverna trevirke, eller papp(karbon). Det kverna trevirket bør liggja ute eit år før det vert nytta i komposten for då går nedbrytinga raskare.
Det var mange som nytta høvet til å stilla spørsmål og me fekk alle ny kunnskap som me kan ta med oss vidare inn vekstsesongen som snart er her.
Pernille inviterte oss til å komma på besøk og sjå på grønnsakshagen sin til hausten.
Takk til Marta Jorunn og Gerd Ingrid som sytte for at me fekk velsmakande kveldsmat.