Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Bivoks og harpiks skal smeltast i vannbad

smelta bivoks vert pensla på tøystykket

Nokon vaksne fekk lov å prøva òg

Djup konsentrasjon

Tøystykket ligg mellom to bakepapir og skal strykast til voksen har javna seg fint ut

Nøysom

I prosjektet #nøysom har me hatt eit samarbeid med fredagsklubben på Oppheim. Siste fredagen i mai laga me bivoksark av gamle dynetrekk som me pensla med ei blanding av bivoks og harpiks. Desse arka kan erstatta plast i mange høve. Dei kan brukast til å pakka inn nistepakka eller brukast til å dekka over ei skål med matrestar i kjøleskapet.

Det var 6 jenter og eit nokre vaksne som ville prøva, og alle synest det var ein kjekk aktivitet.

Kanskje me tek turen innom ein gong til hausten òg 😊

Me skal i alle fall laga bivoksark på ein strikkekafe til hausten, slik at dei vaksne og får høve til prøva 😊