Nøysom - konservering
Nøysom
Eit av delområda i nøysom-prosjektet er å redusera matsvinn og læra om ulike konserveringsmetodar.
Denne kvelden valde me å sursylta raudkål og raudløk som me hadde kjøpt på Heggland gardsbruk.
Me nyttar 1-2-3 regelen, dvs. 1 del eddik, 2 deler sukker og 3 deler vatn som vert kokt opp.
Me snitta raudkål og raudløk fint og stappa tett på varme glas, krydra med enten karve eller heil pepar og nellik. Til slutt fylte me på varm lake og skrudde på tett lok.
Etter fullført jobb nytte me kjempegod tacosuppe og fromasjkake som Målfrid og Nina hadde laga. Tusen takk for god mat!