#Nøysom - me koka syltetøy og chutney av eple og plommer
NBK har i år eit prosjekt som er kalla Nøysom, og det har me hivd oss med på. Eit av satsingsområde er å redusera matsvinn og ta vare på ressursane. I år er det store fruktavlingar og då fann me ut at det måtte vera eit bra tiltak å konservera noko av dette.
18. september samlast 12 damer og 2 kjekke fjerdeklassingar i ungdomshuset i Haugsvik.
Anny Marit Bjørnetun hadde med seg store mengder eple, plommer og pærer, så her var det berre å setja i gang å skrella og stikka ut steinar
Astrid Bidne tok ansvar for å koka syltetøy og det vart riktig godt og det vart rikeleg så alle fekk med seg så mange glas dei ville heimatt. Dei kjekke jentene var ivrige med epleskrelling og så skreiv dei lappar til å ha på syltetøyglasa
Margunn og Ragnhild koka chutney. Me hadde funne oppskrift på eplechutney og plommechutney på matprat.no. Eplechutneyen vart bra med første forsøk. Plommechutneyen måtte me improvisera litt med sidan me ikkje hadde alle ingrediensane som skulle til. Men med litt ekstra sukker og tre - fire eple vart den og bra etter å ha småputra medan me åt rundstykker og diskuterte lagssakene
Ragnhild og Wenche hadde smurt rundstykke og baka eplekake og muffins og pynta fint bord
Takk for ein triveleg kveld