Sopptur - Friluftsglede og inkludering
Bygdekvinnelaga Oppheim og Hauge saman med Egdetveit og Vinje arrangerte sopptur med utgangspunkt ved Laftastova.
Me leita litt rundt i terrenget og fann først svært lite matsopp, men i granskogen fann me både bleik piggsopp, kantarellar og ein fin steinsopp.
Nils Tveit var med som soppkyndig og delte villig vekk av sin kunnskap. Det viktigaste i starten er å læra seg nokre få sikre soppar og utvida etter kvart som ein lærer meir. Han anbefalte å kjøpa små enkle bøker med dei vanlegaste matsoppane.
Vel heima måtte underteikna prøvesmaka av dagens fangst. Så då vart det smørbrød med steikt sopp og løk. Riktig velsmakande kvelds