Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Tusen takk for ein triveleg dag i Røldal!

Bunader frå Røldal

Bunader frå Røldal

Bunader frå Røldal

Bunader frå Røldal

Bunader frå Røldal

Bunader frå Røldal

Festfat

Røldal stavkyrkje

Røldal stavkyrkje

Preikestolen

Krusifikset

Altertavla

Rosemåla vegger

Bygdetunet

Togefat laga av bjørketeger

Bunadsdeler - underskjørt og liv

Bringklutar

Dåpshuer

Dåpshuer

Brureliv

Streif i Røldal

Tre damer frå Oppheim og Hauge bygdekvinnelag tok turen på streif i Røldal.

Det vart ein særs triveleg dag i lag med rundt 50 andre damer frå Hordaland og nokre frå Suldal i Rogaland.

I samfunnshuset kom me rett inn ei lita bunadsutstilling.

Me starta med kaffi og festfat og fekk høyra og sjå bilete frå ein oppvekst i Røldal på 60- og 70-talet.

Deretter vart med delt i to grupper og me vitja stavkyrkja først. Det er ei vakker lita kyrkje som er rikt dekorert med rosemaling. Over koren heng det vidgjetne krusifikset som mange har meint at har helbredande evner. I lange tider var det mange som var på pilegrimsvandring med mål om å røra ved krusifikset og verta kvitt sine plager.

Så var det bygdtunet som stod for tur. Det første huset me var inn i hadde aldri vorte modernisert og stod slik det vart forlete i 1977. I det andre huset var det samla ymse gamle ting frå bygda. Der var fleire bunadsdeler og ei samling kunstferdige dåpshuer i silkebrokade og andre fine stoff og dekorert med sølvborder og anna.

Vel inne att fekk me kyllingsuppe og foccacia.

Så var det ein runde der laga fortalde om sine aktivitetar til inspirasjon for andre.

Møtet vart avslutta med meir kaffi og festfat og trekking av loddboka.

Tusen takk til dei driftige damene i Røldal!