Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Streif på Bruvik Osterøy

Streif på Bruvik Osterøy 5. april 2025

To damer frå Oppheim og Hauge tok turen til Bruvik denne dagen. Me vart helsa velkommen av Gerd Karin Njåstad og ordførar Lars Fjeldstad fortalde litt om kva me kan oppleva i kommunen.

Me kunne velja mellom to ulike aktivitetar og me gjekk ein på kvar plass.

Astrid tok turen til Klyvikje som er ein besøksgard som ligg idyllisk til nede ved fjorden. Vertskapet der fortalde om garden og tilboda dei har der. Det var ei fin stund i strålande solskin.

Margunn valde å høyra på Astrid Antun som fortalde om redesign og viste oss døme på korleis ho skapte gamle dukar, broderi og anna om til vakre klede til både store og små. Det var fleire som vart inspirert og ville heim og sjekka skuffer og skåp for gamle skattar som kan nyttast til nye prosjekt.

Mat må til og me fekk både betasuppe og kaker og kaffi.

Det var sett av tid til å prata saman og for å fortelja til alle kva dei ulike laga har av aktivitetar. Liv Kolskår oppsummerte tilbakemeldingane etter årsmøte.

To kjekke jenter underheldt oss med fin musikk og song.

Alt i alt ein kjekk dag

+12