Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Første pulje klar for omvising

Tonje og Silje fortel om Symre produkta laga på Een gard

Lekvehuset

Vakker utsikt frå Wilhelmshøi

På veggen er dei to viktigaste karta: noregskartet og Palestinakartet

På skulebenken i gamle Leiddal skule

Fana til gamle Stalheim skule

Bringklutar

Åkle på åkle

Svartnastdukar og kvitnastdukar

Mange fine vinstar til åresalet

Songkoret DUS underheldt

Streif på Stalheim

STREIF PÅ STALHEIM 26.9.26

Laurdag 26.9 var 74 bygdekvinner samla til STREIF på Stalheim. Starta dagen med lappar og kaffe på museumsområdet. So vart me delt inn i to grupper som fekk omvisning på museet, der Trygve Dugstad var guide. Flotte bygningar, mykje historie, og ikkje minst ei innsikt i alt arbeidet som har vore med å få på plass alle bygningar og inventar. Her kunne me ha gått heile dagen !! Og me hadde opphaldsver under omvisninga !!!!

i tillegg var systrene Silje og Tonje der – frå Een gard – og selde eigenproduserte varer, SYMRE hudprodukt, og diverse krydder og syltetøy. Mange kjøpte ting til seg sjølv og gåver for å gje vekk. 

Etter turen i museet forsette STREIF inne på Stalheim hotell, med god mat, god prat, underhalding og utlodning.  Song av koret DUS, pust og bevegelse ved Kari, og dei ulike bygdekvinnelaga fortalte om sine aktivitetar. 

Det vart ein flott dag på alle måtar, alltid kjekt og samlast.

 Neste STREIF vert i Omvikedalen 3.april – 27, berre og setja av datoen allereie.