Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Traktorgensar til eit heldig oldebarn

Strikkekafe

18 damer var samla til strikkekafe 24. februar.

Her vart det laga alt frå små og store gensarar til bunadssokkar og kvardagslabbar.

Me fekk gode rundstykke og frukt i tillegg til kaffi og te.

Og praten gjekk livleg rundt borda om både nytt og gammalt.

Alt i alt ein triveleg kveld 🤩