Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Mykje fint garn i butikken. Foto: Bjørg Håland

Linda Orvedal gav oss inspirasjon. Foto: Bjørg Håland

Engasjerte og strikkeglade medlemmer! Foto Bjørg Håland

Mykje fint garn i flotte fargar. Foto: Håland

Mykje fin keramikk. Foto: Bjørg Håland

Strikkekafè hjå Huldra i Flåm


Strikkeglede/strikkekafè

 

Strikkekafe hjå Huldra i Flåm 13.09.21.

Tekst: Astrid Norendal

Strikkekafe hjå Huldra i Flåm 13.09.21.Elleve damer frå bygdekvinnelaget hadde ein særs triveleg kveld i i lag med Torill Bruvik og Linda Orvedal.Det var godt å kunna treffast att, og butikklokalet innbaud til drøs og samtale.Linda, som arbeider i Bergen og oppheld seg ein del i bil på E 16, viste og fortalde om litt av sin eigen produksjonsom delvis vart utførd under ventetider i bilen: Sjal som var trekanta, assymetriske, lange, i rillestrikk og med holmønster.Vakre fargar, dei fleste strikka med tunt garn.På nettet ligg det strikkemønster i fleng! Eit tips: Strikk ein enkel hals til ein gensar med rund hals, så har du høghalsa gensar når vinterkulden kjem.Me prata og handla, her var garn av både sau, geit og alpakka, noko blanda med silke. Det flotte Otternesgarnet av lokal sau, med vottar strikka av dette garnet frys ein ikkje på hendene!Takk til Torill som hadde kveldsopen butikk med god servering, og Lindasom delte strikkegleda si med oss!