Strikkekafe #nøysom
Strikkekafe 7. oktober - #nøysom
20 stk. møtte opp for felles aktivitetar denne kvelden
Denne gongen hadde me tilbod om å laga bivoksark i tillegg til vanleg strikkekafe.
Fleire hadde med seg fine gamle dynetrekk som me klipte i passelege bitar, ca 30x30 cm. Deretter pensla me på smelta bivoks. I den eine skåla hadde me blanda inn ca 1/3 harpiks. Det gjev ark som er litt meir klebrige, men denne blandinga var vesentleg meir klissete å arbeida med. Til slutt vart arka anten varma i steikeovn eit par minutt eller varma med strykejern for javnare resultat. Alle som prøvde syns dette var ein kjekk aktivitet. Så no er det fleire som kan redusera plastbruken ved å nytta bivoksark til å pakka inn mat i
Astrid og Liv hadde koka kaffi, smurt på rundstykker og delt opp frukt så alle fekk litt å bita i