Strikkekafe og pilflettekurs
Måndag 6. november var det klart for pilflettekurs kombinert med strikkekafe
Heile 17 stk hadde meldt seg på pilfletting og alle sette ivrig i gang med kransar, kongler og spiralar
Trur alle syns det var kjekt å prøva noko nytt, men dei fleste erfarte at det nok skal litt øving til for å få like fint resultat som det lærarane presterte
Og dei fleste var ganske slitne i tomlane etter alt det uvante arbeidet.
Takk til Gro Kampp Hansen og mora Inger Lise som tålmodig hjelpte alle kursdeltakarane
I sofaen sat ein triveleg gjeng som heldt seg til strikketøyet