Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Strikkekafe på Garn Senter

Måndag 4.september hadde me strikkekafeen på Garn Senter 🧶 11 damer møtte opp der.

Liv Marion viste oss ein del nye modellar i ulike garnkvalitetar og nye fargar 😊

Ho hadde eit lite kurs i italiensk avfelling. Dei aller fleste prøvde det og ved felles hjelp fekk alle det til. Nokon syns det fekk halda med å ha prøvd det, andre ville prøva det på neste prosjekt 😊

Liv Marion fekk ein kjøleskåpmagnet laga av Arvid Norendal som takk for ein triveleg kveld 🤩