Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Jenny rører mjølkesuppen

Marit ved grytene
Marta Jorunn tek sin tørn med røring

Målfrid smør på krotakanene

tysdagslunsj

Tysdag 18.april var det Oppheim og Hauge bygdekvinnelag sin tur å laga tysdagslunsj på Vossestrand omsorgstun.

Denne gongen var det mjølkesuppe med sagogryn og loff og krotakaker som stod på menyen.

Dette er ei triveleg stund for bebuarane på omsorgstunet. Dei set stor pris på besøk. Då vert det tid for eit måltid saman, gode samtalar og song.

Det var Jenny, Marta Jorunn, Marit, Målfrid og Maries som styrde kjøkkenet denne gongen.

Foto: Maries