Hopp til hovedinnhold

Oppheim og Hauge Bygdekvinnelag

Kaffipause på Dale outlet & cafe

Utskeiing med eplekake og softis

Klar for å setja kursen til Bergsdalen

Bergsdalen kyrkje

Bergsdalstunet

Olaug helsar alle velkomne på tunet

Låven er omgjort til eit flott forsamlingslokale

Middagsbordet er dekka

Helge Terje ynskjer alle velkomne til bords

Sylta aure - kan anbefalast!

Me måtte ut og sjå på uteplassen

Samling på låvebrua

Vårtur

Laurdag 1. juni var det tid for vårtur. Me møttest ved Omsorgstunet på Oppheim og køyrde E16 til Dale der me stoppa på Dale outlet & cafe. Der tok me ein runde og nokre av oss handla litt. Så var det tid for kaffiog te og ein del av oss skeia skikkeleg ut med eplekake med softis 🍰

Så sette me kursen mot Bergsdalen, me tok ein liten stopp ved kyrkja før me svinga inn til Bergsdalstunet.

Olaug stod på tunet og ynskte oss velkomne 😊

Det var litt kjølig ute så det var greit å trekka innandørs og sjå på kor fint dei har restaurert den gamle floren - mykje godt arbeid nedlagt der 👍

Me hadde bestilt trerettars middag, og den skuffa ikkje 🤩

Sylta aure var det ingen som hadde smaka før, den var fantastisk god. Hovudretten var kalvegryta med steinovnsbakte poteter og rotgrønnsaker. Og det heile vart avslutta med sviskegraut med fløytemjølk - og strøsukker for dei som ville ha litt knas 😍

Heimturen gjekk over Hamlagrø.

Takk til dei stødige sjåførane: Ragnhild, Gerd Ingrid og Anna Torhild