Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Korona-aktivitet

Bil-kino

Bil-kino 27. mars


Medan dei fleste halde seg heime for å unngå koroasmitte, fekk ei bygdekvinne ein god idé om å møtast, utan å treffast.

Kommunelækjaren sa ja, og alle andre gode hjelparar òg, så det vart filmvisning på nedsida av Sinnes skule fredagskvelden.

På tapetet stod to filmar på omlag 30 minutt kvar; Emil og Fleksnes - Det er noe som går. På parkeringsplassen stod 14 bilar militært parkert med to meters avstand mellom kvar. Bilane måtte sjølvsagt vera av under syninga, både på grunn av lyd, men mest av miljøomsyn, og grunna oppstillinga, måtte alle helst sjå begge syningane når dei først hadde møtt opp.

I bilane sat 38 personar som hadde med mat og drikke og gode klede, for vindauga måtte sjølvsagt haldast opne for VERKELEG å få godt utbytte av den gode stereolyden.

Det var ein fin og lys kveld, noko som vart ei utfordring, så utbyttet vart best under Fleksnes-filmen. Alle koste seg og syntest det vart ein kjekk kveld når det sosiale livet er på eit lågmål, og kjem gjerne att ved eit seinare høve.

Takk til han som hengde opp lerret (presenning) på skuleveggen og til han som stod for lyd og bilete!