Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Fem meter brei bru må til når løype skal

Blei kjende på Haugen

Litt juniregn stoppa ikkje tjue ivrige turgåarar frå å møta opp for å bli kjende på Haugen 14.06.22.

Anita starta med å fortelja om dei fire campingplassane berre skilde av feristene. To er vinterplassar, medan dei to andre er både vinter- og sommar-campingplassar. Me kan godt forstå at mange vil ha vogna plassert ‘’midt i’’ skiløypa, der du kan velja å gå til Kvæven, inn Hønedalen eller til Sinnes. På Haugen hytteutleie og camping er det òg ein populær leikeplass, kiosk/kafé, ski- og kanoutleige.

Etterpå gjekk me vegen gjennom Haugen til Anne Reidun sin gard, før me fortsette til ein fin badekulp. Ikkje heilt lurt å trø ned graset, så skibrua frå då ein køyrde løyper med scootar, var tatt bort, og me gjekk ned til den nye brua. Nå treng ein minst ei fem meter brei bru for å kunna køyra over med tråkkemaskinane. Me såg i alle fall tre…

Vidare følgde me traseen til skiløypa opp til utgangspunktet, og fortsette vidare til langhuset, som er i privat eige, og løypa mot Kvæven. Me stoppa ved Jonny-leiren (Hedlarlone), der det er ein fin badeplass med sklie, og då måtte jo nokon sjekka kor stien oppover lia førte. Vatnet rann, steinete og sølete var det, men hedlaren fann me, og dei fleste gjekk inn i han. Det forklarar namnet Hedlarlone.

På turen hadde me gått forbi alle dei åtte bustadhusa som er i bruk, og mange campingvogner og endå fleire hytter.

Tusen takk til Anita Haugen og Anne Reidun Josdal for informasjon og turfølgje!

 

 

Haugen ligger på østsiden av Sira, ca. 560 meter over havet. Gårdsområdet minner i mangt og meget om en sommerfugl.

Det består av to vinger som henger sammen med en smal bro. (...) Den vestlige ''vingen'' består av heimejorde og Bymarka, mens den østlige består sv heiemark.

i vest grenser gården til Sira. I syd grenser gården til Nesset, men også her følger grensen naturlige terrengformasjoner idet elven Høna danner sydgrensen nesten frem til Ånghellervatn. Derfra går grensen videre nordøstover til Trollevatnan. I sydøst grenser Haugen mot Kvinen. I nord er det Fidjeland som hele tiden danner nordgrensen. Gården er i sin tid utskilt fra Fidjeland. (...)

Gårdsnavnet henspiller på den rundaktige Haugen ovenfor tunet på gården. Der oppe lå husene tidligere. Det ene bruket, bnr. 1, vet man ble flyttet ned derfra så sent som i 1903.

Du kan lese mer i Sirdal - gard og ætt, bind 1 (Per Seland, 1980).