Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Grautfestival i Valle

Hylestad bygdekvinnelag inviterte oss på grautfestival 7. oktober. Det har me ikkje vore på før, så fire damer tok turen over heia.

Sissel Åkre møtte oss på Hylestad før turen gjekk vidare til Tveitetunet. Hovudbygningen er frå slutten av 1500-talet og nyleg ferdig restaurert, og er garden etter lensmann og eidsvollsmann Olav Knutsson Tveiten (1758-1837) Garden låg rett ved hovudvegen gjennom dalen på den tida. 

Me besøkte årestova med skåp og kvile, og Sissel fortalde om då Olav var på Eidsvoll. Der sat han m.a. ved sida av kongen ved middagar, og måtte ha to støytar drammar først. Det blei nok fleire drammar, for han er kjend for å ha sagt ‘’Eg stemmer som Falsen’’då han hadde sovna då dei skulle røysta. Han sov heller ut rusen på benken langs veggen. Odelsretten var fanesaka hans.

Olav vart seinare skulda for drap, og frikjend pga. nødverje, men vart deprimert etterpå. Han var elles kjend som gjestfri og raus. 

Etterpå gjekk vegen til Valle kultursenter på grautfestival. Der hadde damene i Valle bygdekvinnelag kokt fire typar graut; potetgraut, risengrynsgraut, rømmegraut og havre- og byggraut. Me var nokre av dei fyrste,  men ikkje lenge etter var køen lang av både barn, ungdom og vaksne. Her fekk ein ei skål graut og saft for kr. 50,-, og smaksprøvar for kr. 20,-. Me måtte sjølvsagt smaka på alle, og blei verkeleg gode og mette.

Då passa det godt å gå ein liten bakke opp til mellomaldergarden Rygnestad museum der Maria Bjørkroth møtte oss. Hovudhuset var stengt nå pga. renovering, som Setesdal bygningsvernsenter står for. Det rare er at det har eit treetasjesloft der tredje etasje er bygt først.

Rygnestadloftet, eit stabbur, er bygt av Vonde-Åsmund Rygnestad  (1540–1596) i omlag 1590. Det seiest at  Vonde-Åsmund var ei slåsskjempe som hadde vore lanseknekt i Tyskland og Nederland, og han tok med seg kunstverk derifrå. 

I første etasje av Rygnestadloftet, bursdelen, kunne ein lagra matvarer, og her står det òg ei seng. Andre etasje var til lagring av klede, tekstilar og finare gjenstander, og har  ein svalgang. Det er det ein såkalla “hemmeligheit’”,  ein do som var open ned til bakken.

Loftet er lafta, og har særleg store dimensjonar. Måten det er lafta på, gjer at det sprekk på midten og ikkje sprekk oppå, slik at vatn kjem inn. 

Kulturlandskapet rundt har fått status som bevaringsverdig kulturlandskap.

Det var ikkje nok med dette. Me avslutta dagen på Sølvgarden med kake og kaffi saman med Berit Henriksen og Sissel Åkre. TUSEN TAKK for ein innhaldsrik dag!