Heskestad ba inn til sonemøte
Heskestad ba inn til sonemøte, og trettifem damer inntok Hellerstunet ein flott tysdag ettermiddag i mai, dvs. 27. mai.
Me vart varmt ønskte velkomne på tunet av Bodil og Nils Heskestad, og mange nytta sjansen med ein gong til å studera dei flotte bygningane.
Då alle frå Bjerkreim, Helleland, Lund, Sirdal og Heskestad BK var på plass, fekk me velkomstdrikk av hyllebærblom med litt fres i og ein smakebit på flatbrød med potet og sild. Dermed var stemninga sett, og Ragna Merethe Eia Helleren velkomen til møte i sone 1 og resiterte diktet "En løvetann" av Inger Hagerup. Sonekontakten Astrid Skretting fortalde litt om si rolle og oppfordra til å ta kontakt og "bruka" både ho og resten av styret.
Alle presenterte seg sjølv, før det var tid for kraftig og velsmakande kjøttsuppe med focaccia og urtesmør. Etterpå fortale Bodil og Nils om Hellerstunet som dei kjøpte av eit dødsbu i 2010. Kortversjonen er at dei sidan den tid har restaurert eller bygd eit nytt hus kvart år. Dei har restaurert gamlefjosen, hevdaløa, fjoset og høyløa i nyefjosen. I kjellaretasjen på heimehuset er det kjøkken og toalett. I tillegg har dei bygd eit reiskapshus, sommarstove på berget og grisehus, der Nils har sin treverkstad og Bodil malar bilete. Dei kunne me studera i gamlefjosen. Me måtte jo òg få sjå alle husa, gå gjennom Selmahagen og nokre hadde ein rask tur til Syngjasteinen. Stien er skilta, og det er eigen parkeringsplass, så stikk innom om du køyrer forbi, for å finna ut om du kan få steinen til å syngja.
Kvar lokallagsleiar informerte om aktivitetar og utfordringar, og distriktsleiarane Ingrid Haugstad Haaland og Ann Karin Hammer fortalde om kva som skjer i Rogaland bygdekvinnelag og oppfordra til meir godt arbeid. Etter føde for både mage og tanke, runda Ragna av med Halfdan Rasmussen sine ord "Hvis du vil være blid og smuk…", og Audhild Aadnøy Grøsfjell leia alle i songen til Hellerstunet frå 2019.
Tusen takk til vertskapet på Hellerstunet og i Heskestad bygdekvinnelag, sonekontakt, lokal- og distriktslagsleiarar og alle som kom. Innimellom var det faktisk tid til mykje drøs, og nå spørs det kven som tar stafettpinnen vidare neste år...
Fotograf: Astrid Hammersmark og Rogaland bygdekvinnelag
* Kurs for lokallagsleiar og i alle fall leiar i valnemnda på Varhaug 19. juni og i Ølen 20. juni
* Inspirasjonsseminar på Kronen gård 8. november - fylket betalar for ein deltakar
* I 2026 blir årsmøtet i mars på Nesflaten
* Søk på kurs/prosjekt i regi av Noregs bygdekvinnelag tidleg, fortell kva prosjekt de har fått støtte til og frå kven
* Få med deg/dykk ulike digitale teamsmøte/-kurs på NBK
* Spør (sviger)døtre og andre unge om kva dei ynskjer for å vera med i bygdekvinnelaget
* Lag blest om årsmøtet og ver seriøs!