Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

“Ein smak av Sirdal”
“Ein smak av Sirdal”
“Ein smak av Sirdal”
“Ein smak av Sirdal”

Lansering av “Ein smak av Sirdal”

Fredag 6. november var det lansering av boka “Ein smak av Sirdal” av Torbjørg Haugen og Sirdal tradisjonsmat på Slottet Sirdal.

Kanskje trudde nokon dei hadde kome feil, for Sølvi Manneråk byrja med basar. Gevinstane var mjøl, smør, sukker og jordeple. Etterpå intervjua ho Torbjørg om arbeidet med boka, las litt og samla inn att ingrediensane. Det vil seia dei vart bytta inn i ein pakke med tre lefser for tre av vinnarane, medan den siste vinnaren fekk boka. 

Etter fleire takketalar kunne ein stilla seg i kø for å kjøpa ei eller fleire signerte bøker. 

Arbeidet har tatt over eitt år, men har vore planlagt i tretti, og har vore eit samarbeid med historielaget og bygdekvinnelaget. Oppskriftene og historiane er samla inn med besøk privat og på gamleheimen og dagsenteret. Maten vart laga medan nokre av oppskriftene vart skrivne ned samstundes, Sirdal veteranbilklubb smakte og Eli Haugen tok bilete. 

Prosjektgruppa har bestått av Torbjørg, Tone Østtveit Kvinen, Arna Reidun Sinnes, May Britt Ousdal, Marit Røe og Lilli Ane Lindeland.

Vil du lesa meir, er kanskje artikkelen i SirdalMedia interessant.