Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

På tur med Tante
Åse Ingebjørg Flateland
På tur med Tante
På tur med Tante
Tradisjonsmat
Tradisjonsmat
På tur med Tante

På tur med Tante

Torsdag 20. mars var 59 damer og menn klar for tur med Torbjørg Haugen. Ho tok oss med på nokre av reisene og opplevingane sine som kokk for skiskyttarar, langrennsløparar og fotballspelarar.

Første turen gjekk til Trysil med Sirdal ski, og i løpet av fem år blei det mange reiser i inn- og utland. Etterpå vart det rekruttlaget og så landslaget til skiskyttarane. 

I 2005 lurte Arne Idland på om ho ville vera med til prøve-OL i Torino, og ho la av stad saman med Bente Fidje, og det var rett før turen ende i kasjotten. Kjøkkenet var ikkje det største og ikkje sikringane heller, men slikt fiksar Torbjørg opp i. Verre var det når dei måtte køyra heim att via Sverige pga. uver og kansellert Danmarksbåt.

Året etter var det OL, med premieutdeling i Torino, ti mil frå skiskyttarstadion. Kva er vel meir naturleg enn å tilby store matboksar til både Ole Einar og Sven Fischer på veg mellom dopingkontroll og premieutdeling. Mat måtte dei ha! Det måtte Kongen også, men kva serverer ein Kongen?

2008 og 2009 vart travle, med rundt 230 reisedøgn eine året, for då var ho kokk for både skiskyting og langrenn… Siste VM ho var med på, var i Khanty-Mansijsk, og historiene om innkjøp av både dette og hint, som komfyr, er ubetalelege. Det same er minna frå OL i Vancouver i 2010, som mest rauk pga. nokre knivar i bagasjen. Mat blei det, besøk av kronprinsen blei det, og eit litt spesielt bilete.

I 2009 ville Molde FK vita korleis dei løyste matdelen, og Torbjørg delte kunnskapen sin ein dag. Og det var det, men i 2012, etter VM i Ruhpolding, ba Solskjær ho vera ei veke i Molde for å laga mat. Det kunne ho, men ikkje meir, for fotballspelarar ville ikkje ho koka for. Likevel blei det 11 år i Molde og historia om han som åt som ein hest. Haaland åt, for ein må eta for å prestera!

Ikkje alle synest det er like lett, så for å få i seg nok mat, kan ein gjera det med fargar, runde bord eller å smørja matpakkar.

Like forvirra? Sjølvsagt, for ingen kan fortelja om turane som Torbjørg sjølv. Føredraget blei avslutta med stev om Suleskaren av Åse Ingebjørg Flateland og mykje god tradisjonsmat. Her fekk me Sofiekaker, lappar, jordeplekaker med sus og lefser med dravle. Fargepaletten var fruktfatet!

Tusen takk for ein humørfylt kveld i kulturhuset!