Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte
Persesylte

Persesylte til jul

Persesylte til jul må me ha, og helst sjølvlaga.

I år var det ti  bygdekvinner som møttest på Sinnes skule der kortreiste svineknokar hadde putra og kokt i tre timar. Varmt er det, men får me dekka forma med svor, er det berre å leggja lag på lag med kjøtt og krydder før me avslutttar med ny svor.

Etter mykje opprydding og oppvask, er det rett heim for å leggja press på i ein dag eller to, og så er julepålegget klart.

Litt må me smaka med ein gong, og så kan me frysa resten til jula og lange frukostar er her.