Sofiekakekveld
Sofiekakene smakte himmelsk med smør og brunost.
Eller Nøtte…
Det blei ein koseleg bakekveld i haustmørke 9. november på grendehuset.
Mange hugsar nok at Astrid og Borgny Fidjeland på butikken på Fidjeland stod opp grytidleg for å steika Sofiekaker (og lappar). Var du heldig, fekk du med deg ein kvit pose med nysteikte kaker heim.
- 2 stk egg
- 10 ss sukker
- 1 l kulturmjølk
- 1 kg kveitemjøl
- 1 ss natron
- 1⁄2 ts/litt bakepulver
- 1⁄2 dl rømme (eller anna feitt)
- Bland alle ingrediensar saman til ein relativt blaut deig.
- Ha ein suppetallerken/ eit vidt, lågt fat med kveitemjøl i, og ta ein passe deigklump med ei stor spiseskei og legg i mjølet. Vend deigen i mjølet, ta deigen i hendene, slå/klapp av mjølet og legg på bakstehella. Dette må gå fort! Trykk ut deigen til ei rund, flat kake om lag 1/2 cm tjukk og like stor som ein lapp. Steik på begge sider på tørr helle.
1 porsjon gir omlag 30 kaker. Sofiekakene er gode både med syltetøy og Nøtte.
https://norsktradisjonsmat.no/oppskrift/sofiekaker