Hopp til hovedinnhold

Sirdal bygdekvinnelag

Tradisjonsmat

Ertesupper

Sonemøte i Hovsherad 26.03.19


Ein tysdag etter jobb tok tre bygdekvinner frå Sirdal turen til Hovsherad og sonemøte etter invitasjon frå Lund bygdekvinnelag.

Ikkje visste me kva me gjekk til, men takk for invitasjonen og ein svært triveleg kveld!

Leiaren i Lund bygdekvinnelag orienterte om prosjektet "Bygdekvinner og matglede" som Rogaland bygdekvinnelag har sett i gang, og Lund BK serverte mykje velsmakande "gammel mat i ny drakt". Her fekk me både "vanleg" ertesuppe og ein vegetarvariant, graut av semulegryn, bygg og havre, havrekjeks, heimelaga knekkebrød og både rabarbra- og plommegraut. Ingen gjekk svoltne frå Hovstun den kvelden.

Det vart ein triveleg kveld med drøs og erfaringsutveksling mellom Lund, Helleland, Gjesdal og Sirdal, som vart avslutta, tradisjonen tru i bygdekvinnelaga, med loddsal.