Gerd, Else og Møyfrid svinga opp med dei lekraste festkaker.  Det var marsipankake, fløytekaker og sjokoladekake.  
Gerd, Else og Møyfrid svinga opp med dei lekraste festkaker. Det var marsipankake, fløytekaker og sjokoladekake.

Festkake-kveld i Sola Bygdekvinnelag

40 flotte damer fekk god inspirasjon og lærdom av tre damer frå styret om korleis ein pyntar kaker

Torsdag 23.2.17 arrangerte Sola Bygdekvinnelag lagskveld i Bygdakjellaren for medlemmer og venner.
 
God inspirasjon
40 flotte damer stilla opp og fekk god inspirasjon og lærdom av tre damer frå styret om korleis ein pyntar kaker. Gerd, Else og Møyfrid svinga opp med dei lekraste festkaker.
Det var marsipankake, fløytekaker og sjokoladekake.  
(artikkelen fortsetter under bildet...)
Ei himmelsk oppleving
Etter at kakene var ferdig pynta fekk me gode og flotte smørbrød, kaffi og te. Alle fekk streng beskjed om å eta kveldsmat før me fekk gå i kakefatet. Me fekk smaka på kakene, og det vart ei himmelsk oppleving. Ei av kakene blei hovedgevinst på utlodninga etter maten.
Alle damene gjekk heim fjåge og med eit godt smil rundt munnen. Me blei inspirerte til å gå heim og praktisera. Det vankar nok ei festkake rundt forbi etter dette. 
 
SOLA BYGDEKVINNELAG 
 
 
Bli medlem