8. mars-markering
8. mars-markering
I samarbeid med Haugesenteret vert det 8. mars markering i Heradsstyresalen kl. 19.00
Det lokale kvinnekoret Songria syng.
Stein Arnold Hevrøy, konservator i Nynorsk Kultursentrum snakkar kort om norske kvinnelege poetar og les dikt.
Guri Hjeltnes: "Kva skjer med kvinners liv i krig?"
Guri Hjeltnes er historikar og forfattar, og har i tolv år vore direktør for
Senter for studiar av Holocaust og Livssynsminoriteter, HL-senteret.
Ho vil på 8. mars reflektera over kvinners liv og erfaringar i tidlegare krigar og rundt pågåande konflikt i Midt-Austen.
Det vert servering av lokal eplemost og vårrullar
Gi melding om ev. allergiar ved påmelding
Inngangspengar: kr. 150,- for medlemmer og kr. 250,- for andre.
Betaling med Vipps
Påmelding til ulvikbygdekvinnelag@gmail.com
eller SMS til tlf. 453 38 400 innan 5. mars
Alle er hjarteleg velkomne!