Ulvik Bygdekvinnelag sin dåpskjole. Foto M.Hauso
Ulvik Bygdekvinnelag sin dåpskjole. Foto M.Hauso

Dåpskjole

Ulvik Bygdekvinnelag har dåpskjole rimeleg til leige!

For berre 300 kroner kan du leige bygdekvinnelaget sin fine dåpskjole. Kontaktperson er: Àsa Gunnarsdottir, tlf 95262096.

Ein kan bruke band med ulike fargar, etter eige ynskje.

Ulvik bondekvinnelag hadde ved fleire høve vore inne på tanken at Ulvik burde ha ein dåpskjole til utlån. Hausten 1980 vart det sett ned ei nemnd til å ta seg av dette. I nemnda var Signy Øydvin, Nelly Fleten og Karin Brandstveit. Ein fann ut at det på ein dåpskjole i Hardanger måtte det vera hardangersaum. Nemnda søkte råd hjå fleire, mellom anna hjå Anna Aarekol. Ein var heldige og fekk Agnes Reine til å setja saman og sy banda som skulle gå frå berestykke og ned på kjolen. Gerd Takle sydde sjølve kjolen, medan holfald og austmannarenning vart sydd av Målfrid Hjeltnes. Kjolen vart ferdig og klar til utlån i 1982. 

 

28.

des

Ulvik Bygdekvinnelag
Bli medlem