Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Adventsmøte 2.12 på Elvatun

Tysdag 2.12 møttes 14 damer til ei koselig adventsstund på Elvatun.

Adventstida er ei koselig førjolstid, som markert ventetida fram mot jole høgtida.

Me i Ulvik bygdekvinnelaget hadde lyst å ha eit advensmøte, der me kunne samlast rundt bordet og eta risengrynsgraut og ha gode samtalar.

Når alle var mette, så var det klart for å laga krans.Kari Margrete Ulgenes, var til stor hjelp for råd og veiledning, når kransane skulle lagast, ho kom med tips og veiledning. Det vart  14 flotte kransar som de ser av bileta, 

Så vart det ei lita kaffistund på slutten av kvelden og utlodding, før alle gjekk heim med kvar sin flotte krans.

Me i styret vil ynskja dykk alle samar ei riktig god førjolstid.

Åsa, Margunn, Inger, Venke og Astrid