Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Gro Tveit Uglenes viser fram noko av  eplelageret. Foto M.Hauso

Gro Tveit Uglenes viser fram noko av eplelageret. Foto M.Hauso

Velkomen til gardsutsalet på Syse. Foto M.Hauso

Velkomen til gardsutsalet på Syse. Foto M.Hauso

Det bugnar i gardsbutikken. Foto M.Hauso

Det bugnar i gardsbutikken. Foto M.Hauso

Eple i fokus


Den norske Epledagen (siste tysdag i september) vart godt markert på Syse gard  tysdag 29.september 2020. 

I economuseet Syse Gard er det så å seie eple over alt. Fleire tusen epletre i frukthagen. Informasjon om dyrking av eple på veggane. Eple som bordpynt. Eple til sals.  

Bygdekvinnene fekk servert eple i fleire fasongar; eplesaft, tørka eple, hermetiserte "snurreeple"  og herleg eplekake etter Synnøva si oppskrift.

Gro Tveit Uglenes gav oss eit innblikk i gardsdrifta og fortalde om eple sine mange bruksmåtar. Omvising i eplelageret og handel i gardsbutikken vart det og.