Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Foto: M.Hauso

Grautkveld 4 Desember

 

"Gamlastovo" hjå Birte og Ivar på Hallanger var ei fantastisk råme for førjulsmøtet til bygdekvinnelaget 4.desember. Gamlastovo er opprinneleg ei årestove som vart flytta til staden ho står på i 1803. Denne desemberkvelden var ho pynta med ljos og nissar, som gjorde stemninga ekstra fin. 

Flinke Jorunn hadde kokt god risensgrynsgraut til oss. Elise stod for eit fint musikalsk innslag med fela si. Og sist men ikkje minst, Oddny fortalde frå sitt første møte med Vallavik på 50-talet. Takk til dei mange frammøtte for at dei bidrog til ein minnerik kveld!