Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Åsa fortel jolaforteljing av Prøysen

Gang rundt jolatreet

Jammen kom nissen

Allsong

Jolatrefest 4 januar

Ulvik Bygdekvinnelag og Ulvik Sokn skipa til jolatrefest på Ulvik Omsorgstun 4. januar.

Me gjentok suksessen frå i fjor å arrangerte jolatrefest for store og små, i lag med Ulvik Sokn. Me var på heldige å væra på omsorgstunet, der dei har ei flott kantina me kunne bruka. Det som er fint med festen er at alle aldrar møtest, og bebuarane på omsorgstunet er med på jolatrefesten. 

  Det var ei lita songstund, før det vart  høgtlesing av ei jolaforteljing av Alf Prøysen.  dei aller minste vart invitert til å samlast framfor Åsa(Gunnarsdottir), slik at dei skulle høyra ekstra godt. Borna følgde engasjert med og synest historia var spennande. 

Så vart de servert jolabrød, klementiner, pepperkaker, saft og kaffi. Etterpå vart det gang rundt jolatreet, medan Elin Rondestveit spelte på piano.

Tilslutt kom nissen, og alle borna fekk ein pose med noko godt i.