Jolatrefest på Ulvik Omsorgstun 3.1
Ulvik Sokn og Ulvik Bygdekvinnelag har i fleire år samarbeida om å laga til jolafest på Omsorgstunet.
Årets jolatrefesten var laurdag 3 januar kl. 16.00, og her vert både bebuarar på omsorgstunet invitert i lag med resten av bygda, og det kom mellom 70 - 80 store og små.
Åsa Gunnarsdottir, leia festen og me byrja med å syngja ein jolasong. Elin Rondestveit er så snill å spela piano , i lag med jolasongane.
Det vart servert jolabrød, kaffi og andre godsaker, medan praten gjekk.
Me er så heldige at me har eit barnekor i Ulvik, som kom å song for oss og alle kunne syngja med. Åsa fortalde ein koselig historie frå Alf Prøysen, som fekk både små og store til å fylgja med.
Det vart gang rundt jolatreet og jammen kom nissen, som hadde med seg ei lita oppmerksomhet til dei alle minste.