Hopp til hovedinnhold

Ulvik Bygdekvinnelag

Joletregang. Foto M.Hauso

Joletregang.Foto M.Hauso

Juletrefest på Elvatun - ein ny tradisjon i bygdekvinnelaget


På initiativ frå dei unge kvinnene i Ulvik Bygdekvinnelag vart det skipa juletrefest fjerde juledag 2019, for tredje året på rad

Juletrefesten har frå starten i 2017, vorte godt motteken av bygdafolk og av besøkjande som er heime på juleferie. Elvatun ungdomshus skapar ei triveleg råme rundt festen.

Bygdekvinnene har desse tre åra hatt gode medspelarar: Tidlegare organist Daniel Hydle spela flott til joletregangen, Ulvik skulemusikklag heldt ein fin liten minikonsert og ordføraren leia festen. 

Det vart servert gløgg, kaker og anna godt. Og nissekonene kom med godteri til borna.

Velkomne attende til juletrefest 28.desember 2020!